Norheimsund barnehage

Me er ein stor barnehage med seks avdelingar. Me ligg sentralt til med bygda si beste utsikt. Kyrkja og idrettsbanen/fotballbanen er nærmaste nabo.

bilde av norheimsund barnehage - Klikk for stort bilete

____________

Det er og kort veg til skogen, sentrum og sjøen. I skogen har me lavvo og gapahuk. I tillegg får me låna robåtane til Hardanger Fartøyvernsenter og ror til Sandvenholmen frå tidleg vår til sein haust. Me har og Orrehaugen på andre sida av vegen som er eit supert turmål for dei aller minste.

Opningstid: 07.00 - 16.30

Du er velkomen til å søkja plass hjå oss!